Bestemor di..pratar meir dritt enn mordi


Tenkte eg sku få meg jobb på Rema til våren.
25 januar, 2007, 7:53
Filed under: bestemorra di

wallmart.jpg

…Synd dei ikkje tar i mot gamle travera som meg.

Dei siste vekene har vore utruleg travle, derfor lite blogging. Har endeleg begynt på forkurs ingeniør, og slite meg i hjel med matte og fysikk kvar dag. Må faktisk stå opp til fornuftige tider og må faktisk gjer fornuftige ting.

Ellers kan eg rapportera at eg har blitt fast programledar i kvardagsmagasinet Pomade på studentradion. Så no styre eg showet sjøl. Så visst det er nokon som har nokre ekstreme ytringar rundt Eli Hagen, skjegget til Kongen (det at han ikkje har skjegg er jo oppe til diskusjon, eller dumme utsagn om innvandrarar.. Ja, så er det berre å ta kontakt.

Men no må eg springa, kvantefysikken ventar…

e=mc2

*host host*

 

-RedakNerd-

 

Advertisements


God jul og godt nyttår!
13 desember, 2006, 17:37
Filed under: Ukategorisert

hof_1135176985.jpg

..og der fòr me heim til vestlandet. 

-redakJUL-



Verdens mest irriterande innlegg!
7 desember, 2006, 16:24
Filed under: berre tull

EG ER FERDIG MED EKSAMEN!!! JAAA!!!! (av med capslocken)

For ein fantastisk bra følelse. Ferdig med 4 eksamena. Dei 2 siste vekene har gått vekk i lesing , kaffi, lesing, nista, lesing og ikkje minst x-antall ting ein kan gjer istaden for å lesa.

Tenkte eg sku lista opp ting som er kjekkare å gjer når ein egentlig skal lesa når ein sitte i lesesalen:

  • Sjå på andre som lese 
  • Eta nista
  • Pitla på skallet frå mandarinen du nettopp åt.
  • Sjå på andre som late som dei lese
  • Tenka på at du burde lesa nett som dei som ikkje late som dei lese
  • Sjå på andre som ikkje lese, som ser på dei andre som late som dei lese
  • Har du pc med: gå på MSN, surfa på interett og lesa sladdernytt på seher.no og side2.no (herregud, da er virkelig for gale) Skifta alle fargane på windowsen. Gjer alle snarvegane på startmenyen om til nynorsk.
  • Ta av seg skorna, finna ut at da lukte drit,  ta dei på igjen.
  • Sjekka mailen og msn for N’te gong

og slik går no dagan..

 MEN IKKJE NO LENGER ..mohahaha..  håpe berre eg står.

 -redakCAPSLOCK-



Q?
27 november, 2006, 11:29
Filed under: bestemorra di

Casino Royale Etter ein vellykka fest på fredag, var det på tide med kino på lørdagen.

Casino Royale , den nye James Bond filmen gjekk på Prinsen kino i Trondheim. Åslaug og Bjarte var kjempe spente. Som nokre dedikerte James Bond fan me er, sikra me oss billett tidlig (riktignok ikkje til premieren på fredag men) og satt spent å venta på at kinoreklamen skulle bli ferdig. Etter ein drøss med lokalreklamefilma i rosa og pastell med snurre bokstava var det endeleg film.

Plottet går utpå at Bond skal stoppe ein korrupt bankmann i å vinne penger i poker på Casino Royale, for å deretter bruke pengane til  terrorisme.  Daniel Craig som speler James Bond gjer ein fenomenal jobb og tross det blonde håret overbevisar iallefall meg om at han er den nye Bond. Han har alt James skal ha; utsjanaden, kroppsbygginga og ikkje minst den slibrige britiske aksenten. Craig spelar mot ein kjent dansk(!) skodespelar ved namn Mads Mikkelsen som er den korrupte bankmannen. Mads Mikkelsen

For å ikkje røpe alt for mykje av filmen kan eg kort sei at at min første reaksjon var heller skuffande. Imotsetning til dei alle fleste anmeldingane eg har lese, så er eg altså ein av dei som blei skuffa over filmen. Dette har me korleis alle James Bond har blitt laga før, og som ikkje den filmen følgte opp i det heile.  Alle James Bond filmar skal:

  • Ha minst ein feit bil som har mange forskjellige duppeditta på seg.(Maskingæver i grillen, katapultsete, fjernstyrt via mob etc)
  • Bond skal også vær utstyrt med noko offensivt type klokke med laserfunksjon, innebygd pilskytevåpen under armen, bombe i klokka etc.
  • Q, m16 (arbeidsplassen til Bond) sin gale oppfinner skal ikkje minst være med og vise Bond alle dei overnevnte tinga, og då spesielt filmens bil.
  • Money Penny, M (sjefen til Bond) sin sækreter som flørte hensynslaust med Bond, utan at han får napp.

Jens og damene 

Ingen av desse tinga var representert i Casino Royale, bortsett frå ein liten kjøretur med ein relativt kul bil.

Det at Q ikkje var med skuffa aller mest. Holdt på å grine når eg gjekk ut av kinosalen. Det er jo det som er James Bond. Alle dei forskjellige duppedittane og ein stilig bil som blir skikkelig introdusert av Q. Q er liksom prikken over i’en, essensen i heile pakka! Eg kan ikkje skjønne at folk syns at dette var den beste James Bond filmen nokon gong. Då har dei anten ikkje sett meir enn ein Bond film, eller så har dei aldri likt James Bond.

MEN:

Har sjekka opp i bakgrunnen for problemet. Casino Royale er basert på ei bok av Ian Flemming (opphavsmannen til James Bond). Denne boka var ein av dei første bøkene som blei laga om James Bond. Her er verken Q eller Money Penny med. Q var faktisk ikkje med på dei 2 første filmane heller, det var berre det at eg ikkje hugsa det. Så det var altså ein kronologisk forklaring på problemet. 

Q1           

Major Boothroyd som Q  (for tida spelt av John Cleese)

Håpar på snarleg gjensyn!

-redakBond-



Eit lys i mørket!
9 november, 2006, 11:22
Filed under: berre tull

Eg har hørt av fleire at blogging no er litt ut. At da er litt sånn 2005 ting å gjer. «So last year lizzom».. Men dette vil eg ikkje ha noko av. I desse mørke novemberdagar med regn, sludd og kulde er det viktig med eit lys i kvardagen, og då nettopp i form av ein blogg. Og tenk litt på kva desse ferdiglaga bloggane har gjort med Internett sitt ytre. 

gifstjerne   <–typisk ting å pynte opp heimesida si med i 1997.

I «gamle» dagar, altså sånn rundt 1997-98, når folk flest hadde fått seg om ikkje ISDN, så iallefall eit modem, var Internett stort sett prega av nyhetssider, bedriftssider, og pornosider. MEN… Ein hadde også noko ein kalla ei heimeside. Ein brukar utrykket endo, men no tenker eg først og fremst på heimesidene til privatpersonar. På desse heimesidene var det ofte ein meny til venstre eller på toppen av sida. Menyen som ofte var animert i rosa besto av vala: «Heim», «Om meg», «Lenkjer»,  og sist men ikkje minst «Gjestebok».  Dei med spesielle dataevner kunne også ha eit «Forum».   Sidas utsjånad var som regel ein bakgrunn i ein eller anna sterk farge, rød,grøn, gul og visst ein var heldig: Blå.   Skriftfargen kunne variere men stort sett var det ein farge som ikkje passa i det heile. Rosa og grøne animasjonar med bilde av tegneseriefigur, ei stjerne, eller aller best: eit bilde henta frå utklippstavla frå Word var vanleg å finne.   Har prøvd å finne nokon eksempel på Internetts dystre fortid men det skulle vise seg å vær svært vanskeleg.

 Har uansett eit par meir eller mindre gobitar her:

 nettsider 

  nettsider1

 og sjølvsagt vår kjære musikklag si forferdelige side med satans verk WordArt:

nettsider2

Sånn folkens, no håpe eg dåke sette pris på bloggane som ligg rundt om kring på veven. Greit nok, innhaldet i dei har sikkert ikkje forandra seg så mykje iløp av året. Men dei er iallefall ikkje så grønjevli stygge!

-redakBjarte-



Så er det jul igjen..?
1 november, 2006, 17:55
Filed under: berre tull

Eg er i julestemning!

 pepperkake

Utrulig slitande i grunn. Men da har sine grunna. Ikkje berre snør da som pokker her i Trondheim, men da er allerede komt juleartiklar i butikkane for lenge si. Som noken kanskje allerede har fått på MMS har eg ett bilde på mobilen tatt på rema 1000 for ein måned sidan. Bilde viser ein bunke med pepperkakeboksar rett ved siden av ei palle med grillkol. Grilla pepperkake anyone….I SEPTEMBER?

Noken andre som har julestemning eller har gått i butikken å fått da ettepå?

 -redakBjarte-



Palle på avvege. Sist sett i Oslo.
16 oktober, 2006, 12:04
Filed under: Ukategorisert

Sitte på biblioteket og prøve å skriva på ei oppgåve. Men som med så mangt i livet, er det mykje kjekkare å skrive blogg. I dei siste dagane (forutan 50årsdagen til papen) har eg venta.  Venta og venta.  Venta på bedre tider kan ein egentlig sei.

 For å forklare litt nærmare kva eg ventar på kan eg starte frå begynnelsen.

 Eg og Åslaug skulle senda flyttelasset vårt via posten. Flyttelasset besto av 8 store esker som kvar vegde mellom 15 og 35kg. Dette blei sjølvsagt dyrt. Posten ville ha 1600kroner totalt for at heile driten skulle gå frå Stord til Trondheim. Me kalkulerte litt, og fann ut at ein kjøre opp og ned igjen med ein bil for omtrent samme prisen. Med andre ord: me valgte å sende det. (veldig logisk dette her) Men så kom mor kjære mor på ein idè. Istaden for å sende ein og ein pakke med posten, så kunne me berre for samme pris pakke alt på ei palle, surre rundt med plastfolie(nei ikkje sånn liten rull som du har på kjøkkenet) og sende det med DHL som bedriftspakke via Hovland Elektro (bedriften som mamma jobbe i). Uansett..  For å gjer ein lang i historie med telefonklaging og venting kort:  Pallelasten vart sist sett i Oslo.

Eller i haugesund..

 kven veit?

Har blitt forklart at slike paller forsvinn heile tida og at dei som regel dukkar opp. Er visst vanleg det. Men visst det er så vanleg, kvifor har dei ikkje laga betre rutiner på det? For eksempel: Med ein gong ein pakke, unnskyld PALLE forsvinn, blir det klistra opp lappar overalt i Norge. Desse lappane skal være litt i den stilen som når kattungar eller hundar forsvinn der det står SAVNET med store bokstavar og så bilde av ei søt lita palle med esker på og fin håndskrift som det står «har du sett meg?», «Elska og savna» osb.

 Ser for meg avisoverskrifter dersom  ei palle forsvinn.  «Var ikkje berre ei vanleg palle» og «ei palle laga av kjærleik og spiker».  Dette hadde verkeleg satt fart i palleforsvinningssakene her i landet. Burde kanskje danna ein støttegruppe også. APS, Anonyme Palle Savnara. 

Ellers så har eg gjort ein stort inntog i studentradion i Trondheim. Forutan at eg les nyheter kvar tirsdag kveld og lagar ein meir eller mindre god reportasje kvar onsdag, har eg fått meg fast plass i studio kvar tirsdag klokka 20:00 i ein heil time. Programmet heiter Pomade, og er eit slags aktualitetsprogram som snakkar om laust og fast. Reknar med å bruke den gamle bloggen som inspirasjon til mange unyttige og uviktige tema.  Eit eksempel på kva ein kan snakke om i eit slikt program kan være : visste du at dersom du tastar inn dagbaldet.no i adressefeltet, komme du inn på dagbladet si nettside. Er dette fordi det er så mange dyslektikere som skriv inn feil. Greit nok det, men dagbaldet.com virkar ikkje så kva med utanlandske dyslektikere?  osv osv.

 Utanom radion kan dagane til nettstudentet Bjarte forklarast slik:

08:00 Vekkerklokka ringe, Bjarte prøve å stå opp

08:15 Bjarte søv

08:30 Bjarte for dårlig samvittighet for at han framleis ligg å drar seg

08:31 Bjarte søv

09:00 Bjarte står endeleg opp, og har så dårlig samvittighet for latskapen at han like greit skrur på tven.

09:05 Bjarte reiser seg for å setta på tevatn

09:10 Vatnet kokar over, etter at Bjarte sovna i sofaen.

09:30 Teen er drukke opp, frokost inntatt.

10:00 Bjarte vurderer å gå på biblioteket for å skrive oppgåve.

10:01 Mc Gyver går i reprise på Tv2

11:00 Bjarte går til biblioteket.

og slik går no dagan….

Trur eg trenge ein lærar med pisk for å få meg opp om morgonen.

Kva har folk bedreve helga med? Eg var nesten på hybelfest på samfundet, men rakk det akkurat ikkje (ikkje spør)