Bestemor di..pratar meir dritt enn mordi


Livet er kjekkare for dei som like sport
7 september, 2008, 19:47
Filed under: bestemorra di

Kva skal til for å bli interessert i sport? Altså, det burde jo vær enkel biff å byrja, då det er utallig utval av ymse sport på tv, radio osb. Det blir sendt omtrent heile tida, og då spesielt fotball. Fy søren fotball, det er den ultimate sporten å bli hekta på. Frå april til oktober har ein tippeligaen, utpå sommaren byrjar Champions League som varar til mai neste år, og midt oppi denne øl -og chipshimmelen byrjar jammen meg Premier League også. 

Så eg burde altså byrje å sjå på fotball, men ikkje kva som helst fotball. Nei skal eg verkeleg nyte å sjå på 22 tomsingar som spring etter ei lærkule bør det no være svette hårete gutar, og ikkje svette mindre hårete jenter.  Jentefotball går jo sinnsjukt treigt! Teknikk og slikt veit eg ikkje så veldig mykje om, men er av den oppfatting at kvinner på banen generelt slubler og «klurer» mer enn menn. Denne fordommen mot kvinnefotball kan vær gjenspeila med kven eg får min fotballkunnskap frå, som er av folk som er tapt bak ei vogn, – med ein slapp kniv.

Tssssh… det var eg som slukka brannfakkelen før den tente på heile møtelokalet til lokalgruppa Ottar Trondheim.

Her er eit par grunnar til å ha følgt med på Ol i Beijing:

-redakSport-

Advertisements


Kva skjer? Skriv han blogg att?
14 januar, 2008, 19:22
Filed under: bestemorra di

Som så mange ferdigmalar på mobiltelefon så fint seier det:  «Svaret er ja»

No når ribbefettet, juleølet og nyårsrakket(en) har senka seg i sinnet og fjesbokbølga endelig har roa seg ned til eit «normalt» nivå er det på tide å blogge litt tykkjer eg.

Kva har skjedd sidan sist innlegg? 

Bjarte har:

  • Gått eit halvt år på elektroingeniørlinja på Høgskulen i Sør-Trøndelag (fornuftig)
  • Vært på Lanzarote med familien til hans bedre halvdel  (etablert)
  • Kjøpt sin første kartong med rødvin (etablert)
  • Brukt store deler av stipendet sitt på ny laptop (ufornuftig) 
  • Kjøpt seg fjellski (fornuftig og sportlig)
  • Kjøpt semesterkort på buss (Fornuftig men meget irriterande afære)
  •  Ikkje kjøpt alle bøkene han treng til studiene sine i vår (ufornuftig)
  • Vært og skal vera reporter i Uillustrert Vitenskap (kvar onsdag kl 20-21)
  • Fått seg jobb på Smart Club på trelast/bygg avdelinga (fornuftig og økonomisk)
  • Vært heima på Stord og drukke øl (fornuftig)
  • Vært heima på Stord og åte altfor mykje ribbefett (ufornuftig)
  • Vært heima på Stord og spelt fotball (dårlig fotball)
  • Vært heima på Stord og komt i lokalavisa 2 gonga på kort tid (PR-kåt)

sånn..

Notasjon:  Har lagt merke til at kvar gong ein eller anna fyr har kjøpt seg ny/brukt bil og skal vise den fram til eit anna mannleg kjønn så er det noko som alltid skjer foruten om prat om hestekrefter og latter over rust på forgassaren:  Personen som skal sjå på bilen set foten på det eine dekket, og rugger litt i bilen og kjem ut med denne frasa: «Ja såg fin ut denna, virka fin den ja..»  

Kva i all verden?

Bortsett frå evt. slark og knirkelydar er det vel ganske vanskelig å finne ut om til dømes  girkassa snart ryker, eller at det er rust i slyredysa ved å kjenne på dekket med foten ?  

Trur forklaringa på fenomenet er at det er ingen andre plassa ein tør å ta på bilen. Ein vil jo ikkje ta for mykje på sjølve bilen grunna kladdemerker og slikt.

Eller har eg gått glipp av noko vesentlig med bilar? Bør eg når eg skal kjøpe meg bil stå å sparke i dekket litt før eg seier: «Ja, virka i god stand den her, tåler jo at eg rugger i hjulakslinga » ?

Styrepanel me lagar på skulen:

  ingeniør

-redakBjarte-



In your face(book)
14 april, 2007, 18:31
Filed under: bestemorra di

Holy melony! No va da lenge sidan sist oppdatering.  Har egentlig ingen andre unnskyldning enn at eg har brukt alt for mykje tid foran facebook. Trur forsåvidt eg ikkje er aleine der. Sjølv far min har meldt seg inn med eit anonymt navn. Eller kva mr Mathisen? Han har forsåvidt «berre» ein venn , meg. Venner er jo noko som alltid dukker opp når facebook blir tatt opp i samtaleevne (noko det ofte gjer). Kor mange venner har du egentlig? Dersom du har under 50 venner så er du verdens største tapar, har du over 100 venner er du normal, har du langt over 200 «friends», ja då er du facebookveteran og verdens mest sosiale vinnar!

 Ein ting som kanskje har tatt mest av innad i fjesbokverden er jo definitivt alle dei finurlige gruppene som finst.  Desse gruppene kan delast inn i forskjellige kategoriar.  Eg kan bruka nokon som eg er med i :

Geografiske:  Stord, utflytta stordabuara, Trondheim, oss frå Sagvåg

Organisasjon/Skule:  Studentradion i Trondheim, HiST, Lemminkainen socius fotballklubb, Litlabø skule, gamle medlem av Sagvåg skulekorps

Standpunkt/følelsar/tull: For de som synes Tir na Noir IKKE egnes som allsang, Spacebook, Support the liberation of the llama nation, alle som elsker Chuck Norris vitser, Jeg har spilt i korps og er ikke flau  etc etc..

 Sistnevnte kategori er definitivt størst. Grupper som «jeg tok lappen på første forsøk» ,»osloveien 20 til 22″ , «oss som liker gule skjorter med røde striper og ikkje kvite flekkar» viser kanskje at gruppene har utspelt si rolle.

Men som alle andre har også eg laga nokre grupper og den første eg laga hette Spacebook. Eit slags standpunktgruppe for dei som vil ha myspace og facebook samanslåing.

Yeah right..

Tingen er vel at denne gruppa blei laga meir eller mindre i berusa tilstand på fest , kvifor eg er på facebook på fest,, hmm. Uklart. Men tingen var at når eg sendte ut invitasjoner til alle på «friends»-lista mi fekk eg 10 medlemmar i løp av 5 minutter. Dette tyder altså på at facebook verkeleg tar opp tida til folk. Så mykje at dei sitt heime (mest sannsynleg) og sturer foran pcen. Heimekveld, greit nok, men foran facebook? nei då tar eg heller til takke med TvNorges lørdagsfilm. 

Eller?

 Til slutt må me nesten ha eit Bushbilde, da er altfor lenge sidan sist.

bush1

-redakFjes-



Tenkte eg sku få meg jobb på Rema til våren.
25 januar, 2007, 7:53
Filed under: bestemorra di

wallmart.jpg

…Synd dei ikkje tar i mot gamle travera som meg.

Dei siste vekene har vore utruleg travle, derfor lite blogging. Har endeleg begynt på forkurs ingeniør, og slite meg i hjel med matte og fysikk kvar dag. Må faktisk stå opp til fornuftige tider og må faktisk gjer fornuftige ting.

Ellers kan eg rapportera at eg har blitt fast programledar i kvardagsmagasinet Pomade på studentradion. Så no styre eg showet sjøl. Så visst det er nokon som har nokre ekstreme ytringar rundt Eli Hagen, skjegget til Kongen (det at han ikkje har skjegg er jo oppe til diskusjon, eller dumme utsagn om innvandrarar.. Ja, så er det berre å ta kontakt.

Men no må eg springa, kvantefysikken ventar…

e=mc2

*host host*

 

-RedakNerd-

 



Q?
27 november, 2006, 11:29
Filed under: bestemorra di

Casino Royale Etter ein vellykka fest på fredag, var det på tide med kino på lørdagen.

Casino Royale , den nye James Bond filmen gjekk på Prinsen kino i Trondheim. Åslaug og Bjarte var kjempe spente. Som nokre dedikerte James Bond fan me er, sikra me oss billett tidlig (riktignok ikkje til premieren på fredag men) og satt spent å venta på at kinoreklamen skulle bli ferdig. Etter ein drøss med lokalreklamefilma i rosa og pastell med snurre bokstava var det endeleg film.

Plottet går utpå at Bond skal stoppe ein korrupt bankmann i å vinne penger i poker på Casino Royale, for å deretter bruke pengane til  terrorisme.  Daniel Craig som speler James Bond gjer ein fenomenal jobb og tross det blonde håret overbevisar iallefall meg om at han er den nye Bond. Han har alt James skal ha; utsjanaden, kroppsbygginga og ikkje minst den slibrige britiske aksenten. Craig spelar mot ein kjent dansk(!) skodespelar ved namn Mads Mikkelsen som er den korrupte bankmannen. Mads Mikkelsen

For å ikkje røpe alt for mykje av filmen kan eg kort sei at at min første reaksjon var heller skuffande. Imotsetning til dei alle fleste anmeldingane eg har lese, så er eg altså ein av dei som blei skuffa over filmen. Dette har me korleis alle James Bond har blitt laga før, og som ikkje den filmen følgte opp i det heile.  Alle James Bond filmar skal:

  • Ha minst ein feit bil som har mange forskjellige duppeditta på seg.(Maskingæver i grillen, katapultsete, fjernstyrt via mob etc)
  • Bond skal også vær utstyrt med noko offensivt type klokke med laserfunksjon, innebygd pilskytevåpen under armen, bombe i klokka etc.
  • Q, m16 (arbeidsplassen til Bond) sin gale oppfinner skal ikkje minst være med og vise Bond alle dei overnevnte tinga, og då spesielt filmens bil.
  • Money Penny, M (sjefen til Bond) sin sækreter som flørte hensynslaust med Bond, utan at han får napp.

Jens og damene 

Ingen av desse tinga var representert i Casino Royale, bortsett frå ein liten kjøretur med ein relativt kul bil.

Det at Q ikkje var med skuffa aller mest. Holdt på å grine når eg gjekk ut av kinosalen. Det er jo det som er James Bond. Alle dei forskjellige duppedittane og ein stilig bil som blir skikkelig introdusert av Q. Q er liksom prikken over i’en, essensen i heile pakka! Eg kan ikkje skjønne at folk syns at dette var den beste James Bond filmen nokon gong. Då har dei anten ikkje sett meir enn ein Bond film, eller så har dei aldri likt James Bond.

MEN:

Har sjekka opp i bakgrunnen for problemet. Casino Royale er basert på ei bok av Ian Flemming (opphavsmannen til James Bond). Denne boka var ein av dei første bøkene som blei laga om James Bond. Her er verken Q eller Money Penny med. Q var faktisk ikkje med på dei 2 første filmane heller, det var berre det at eg ikkje hugsa det. Så det var altså ein kronologisk forklaring på problemet. 

Q1           

Major Boothroyd som Q  (for tida spelt av John Cleese)

Håpar på snarleg gjensyn!

-redakBond-



Velkjemen til den nye bloggen min!
20 september, 2006, 19:57
Filed under: bestemorra di

                                  – Sonia og Jever i Trondheim (heilt sant, berre spør google)

Arvtakaren til mordi.weblogg.no er komt! og dette kjem til å bli heilt revolusjonerande!  eller ikkje.. Det kjem til å bli det som fungerar best på bloggar: Å skriva om ting ingen trudde dei brydde seg om, å diskutera det heftig etterpå..

 Meir oppdateringar kjem forhåpentligvis i løp av veka!