Bestemor di..pratar meir dritt enn mordi


Kva skjer? Skriv han blogg att?
14 januar, 2008, 19:22
Filed under: bestemorra di

Som så mange ferdigmalar på mobiltelefon så fint seier det:  «Svaret er ja»

No når ribbefettet, juleølet og nyårsrakket(en) har senka seg i sinnet og fjesbokbølga endelig har roa seg ned til eit «normalt» nivå er det på tide å blogge litt tykkjer eg.

Kva har skjedd sidan sist innlegg? 

Bjarte har:

  • Gått eit halvt år på elektroingeniørlinja på Høgskulen i Sør-Trøndelag (fornuftig)
  • Vært på Lanzarote med familien til hans bedre halvdel  (etablert)
  • Kjøpt sin første kartong med rødvin (etablert)
  • Brukt store deler av stipendet sitt på ny laptop (ufornuftig) 
  • Kjøpt seg fjellski (fornuftig og sportlig)
  • Kjøpt semesterkort på buss (Fornuftig men meget irriterande afære)
  •  Ikkje kjøpt alle bøkene han treng til studiene sine i vår (ufornuftig)
  • Vært og skal vera reporter i Uillustrert Vitenskap (kvar onsdag kl 20-21)
  • Fått seg jobb på Smart Club på trelast/bygg avdelinga (fornuftig og økonomisk)
  • Vært heima på Stord og drukke øl (fornuftig)
  • Vært heima på Stord og åte altfor mykje ribbefett (ufornuftig)
  • Vært heima på Stord og spelt fotball (dårlig fotball)
  • Vært heima på Stord og komt i lokalavisa 2 gonga på kort tid (PR-kåt)

sånn..

Notasjon:  Har lagt merke til at kvar gong ein eller anna fyr har kjøpt seg ny/brukt bil og skal vise den fram til eit anna mannleg kjønn så er det noko som alltid skjer foruten om prat om hestekrefter og latter over rust på forgassaren:  Personen som skal sjå på bilen set foten på det eine dekket, og rugger litt i bilen og kjem ut med denne frasa: «Ja såg fin ut denna, virka fin den ja..»  

Kva i all verden?

Bortsett frå evt. slark og knirkelydar er det vel ganske vanskelig å finne ut om til dømes  girkassa snart ryker, eller at det er rust i slyredysa ved å kjenne på dekket med foten ?  

Trur forklaringa på fenomenet er at det er ingen andre plassa ein tør å ta på bilen. Ein vil jo ikkje ta for mykje på sjølve bilen grunna kladdemerker og slikt.

Eller har eg gått glipp av noko vesentlig med bilar? Bør eg når eg skal kjøpe meg bil stå å sparke i dekket litt før eg seier: «Ja, virka i god stand den her, tåler jo at eg rugger i hjulakslinga » ?

Styrepanel me lagar på skulen:

  ingeniør

-redakBjarte-

Advertisements