Bestemor di..pratar meir dritt enn mordi


Bjarte er vorten vevsstudent!
25 september, 2006, 18:16
Filed under: berre tull

Computervintage55   computervintage55

 Ja, no har eg endeleg byrja. Eller rettare sagt. Det har eg gjort sidan 1 september. Men no har eg verkeleg byrja.

Går på nettstudie i Geografi, i STEINKJER på Høgskolen i Nord-Trøndelag (HiNT)..  Men er sjølv bosatt i Trondheim, ta det med ro. Eg vel heller reservetrønderbyen framfor bartelandcity, sjølv om bart og karsk kan vær ein god (dog grisete) kombinasjon. 

Trur reklamen for studie var noko slikt som dette:  

Nettstudie i geografi, – For deg som vil noko meir med verda.

Nettstudie i geografi – Meir enn berre topografi og tematiske kart.. (??)

HiNT                       – Trives + lykkes = HiNT

 Eg må berre hedra dei for å ikkje ha bruka ordspel som :

– Ler folk av deg fordi du er stein dum? ta eit HiNT(år) 

– Slit du med å dele eit eple i 2, ikkje fordi du ikkje fysisk klarar det , men fordi du ikkje klarar reknestykket? Ta eit HinT(studie)

 osb osb.

 Sit på studentradion no, (ja den heiter det, utan «e»)  og skal prøve å lage ein repotasje om sjukefraværet i Norge. Korleis det stig i forhold til kor mange som har jobb. Vil ikkje kommentere kva eg syns om interesseverdien for min egen del er i den saka, men deadline er deadline.  For at dåke kjære medbloggara ikkje skal dø av inntørking grunna tørre repotasjefakta går eg vidare.

Eg har som sagt ein forkjærlighet for George W. Bush, republikanaren , den 43 president, den allmektige. Her er eit par sitat:

«I’m the master of low expectations» 

«I think the American people — I hope the American —  I don’t think, let me — I hope the American people trust me «

«I promise you I will listen to what has been said here, even though I wasn’t here.»  

«I don’t know where bin Laden is. I have no idea and really don’t care. It’s not that important. It’s not our priority.»

bush1

 -redakBjarte-

Advertisements


Velkjemen til den nye bloggen min!
20 september, 2006, 19:57
Filed under: bestemorra di

                                  – Sonia og Jever i Trondheim (heilt sant, berre spør google)

Arvtakaren til mordi.weblogg.no er komt! og dette kjem til å bli heilt revolusjonerande!  eller ikkje.. Det kjem til å bli det som fungerar best på bloggar: Å skriva om ting ingen trudde dei brydde seg om, å diskutera det heftig etterpå..

 Meir oppdateringar kjem forhåpentligvis i løp av veka!