Arkivert under: bestemorra di
Kva skal til for å bli interessert i sport? Altså, det burde jo vær enkel biff å byrja, då det er utallig utval av ymse sport på tv, radio osb. Det blir sendt omtrent heile tida, og då spesielt fotball. Fy søren fotball, det er den ultimate sporten å bli hekta på. Frå april til oktober har ein tippeligaen, utpå sommaren byrjar Champions League som varar til mai neste år, og midt oppi denne øl -og chipshimmelen byrjar jammen meg Premier League også.
Så eg burde altså byrje å sjå på fotball, men ikkje kva som helst fotball. Nei skal eg verkeleg nyte å sjå på 22 tomsingar som spring etter ei lærkule bør det no være svette hårete gutar, og ikkje svette mindre hårete jenter. Jentefotball går jo sinnsjukt treigt! Teknikk og slikt veit eg ikkje så veldig mykje om, men er av den oppfatting at kvinner på banen generelt slubler og “klurer” mer enn menn. Denne fordommen mot kvinnefotball kan vær gjenspeila med kven eg får min fotballkunnskap frå, som er av folk som er tapt bak ei vogn, – med ein slapp kniv.
Tssssh… det var eg som slukka brannfakkelen før den tente på heile møtelokalet til lokalgruppa Ottar Trondheim.
Her er eit par grunnar til å ha følgt med på Ol i Beijing:
-redakSport-
Arkivert under: berre tull
.. og det kjenner eg er på tide, langt på tide, type HSD -> Tide..
hoff nei den var billig.
Mine dagar på radion er talte, nesten iallefall. Eg ska ha mi siste sending neste onsdag og då er kveldens tema løgn. Dette emnet er etter mi meining veldig vidt og vagt så treng litt hjelp frå publikum!
-
Kva er di største løgn? (gjerne lyg om løgna di, det funkar også)
-
Kva ting lyg du om? (type: om vekta di, kor mange øl du ikkje drakk sist laurdag osv)
-
Kva skjer inne i kroppen din når du lyg? vert du nervøs? (gjerne finn på noke tull her også, då dette er radio og det er vanskeleg å sjå at me lyg om løgner.. akkurat, vart litt vanskelig detta..øøh)
Her er eit bilde til inspirasjon angåande kvite løgner iallefall:
-redakBjarte-
Arkivert under: bestemorra di
Som så mange ferdigmalar på mobiltelefon så fint seier det: “Svaret er ja”
No når ribbefettet, juleølet og nyårsrakket(en) har senka seg i sinnet og fjesbokbølga endelig har roa seg ned til eit “normalt” nivå er det på tide å blogge litt tykkjer eg.
Kva har skjedd sidan sist innlegg?
Bjarte har:
-
Gått eit halvt år på elektroingeniørlinja på Høgskulen i Sør-Trøndelag (fornuftig)
-
Vært på Lanzarote med familien til hans bedre halvdel (etablert)
-
Kjøpt sin første kartong med rødvin (etablert)
-
Brukt store deler av stipendet sitt på ny laptop (ufornuftig)
-
Kjøpt seg fjellski (fornuftig og sportlig)
-
Kjøpt semesterkort på buss (Fornuftig men meget irriterande afære)
-
Ikkje kjøpt alle bøkene han treng til studiene sine i vår (ufornuftig)
-
Vært og skal vera reporter i Uillustrert Vitenskap (kvar onsdag kl 20-21)
-
Fått seg jobb på Smart Club på trelast/bygg avdelinga (fornuftig og økonomisk)
-
Vært heima på Stord og drukke øl (fornuftig)
-
Vært heima på Stord og åte altfor mykje ribbefett (ufornuftig)
-
Vært heima på Stord og spelt fotball (dårlig fotball)
-
Vært heima på Stord og komt i lokalavisa 2 gonga på kort tid (PR-kåt)
sånn..
Notasjon: Har lagt merke til at kvar gong ein eller anna fyr har kjøpt seg ny/brukt bil og skal vise den fram til eit anna mannleg kjønn så er det noko som alltid skjer foruten om prat om hestekrefter og latter over rust på forgassaren: Personen som skal sjå på bilen set foten på det eine dekket, og rugger litt i bilen og kjem ut med denne frasa: “Ja såg fin ut denna, virka fin den ja..”
Kva i all verden?
Bortsett frå evt. slark og knirkelydar er det vel ganske vanskelig å finne ut om til dømes girkassa snart ryker, eller at det er rust i slyredysa ved å kjenne på dekket med foten ?
Trur forklaringa på fenomenet er at det er ingen andre plassa ein tør å ta på bilen. Ein vil jo ikkje ta for mykje på sjølve bilen grunna kladdemerker og slikt.
Eller har eg gått glipp av noko vesentlig med bilar? Bør eg når eg skal kjøpe meg bil stå å sparke i dekket litt før eg seier: ”Ja, virka i god stand den her, tåler jo at eg rugger i hjulakslinga ” ?
Styrepanel me lagar på skulen:
-redakBjarte-
Arkivert under: bestemorra di
Holy melony! No va da lenge sidan sist oppdatering. Har egentlig ingen andre unnskyldning enn at eg har brukt alt for mykje tid foran facebook. Trur forsåvidt eg ikkje er aleine der. Sjølv far min har meldt seg inn med eit anonymt navn. Eller kva mr Mathisen? Han har forsåvidt “berre” ein venn , meg. Venner er jo noko som alltid dukker opp når facebook blir tatt opp i samtaleevne (noko det ofte gjer). Kor mange venner har du egentlig? Dersom du har under 50 venner så er du verdens største tapar, har du over 100 venner er du normal, har du langt over 200 ”friends”, ja då er du facebookveteran og verdens mest sosiale vinnar!
Ein ting som kanskje har tatt mest av innad i fjesbokverden er jo definitivt alle dei finurlige gruppene som finst. Desse gruppene kan delast inn i forskjellige kategoriar. Eg kan bruka nokon som eg er med i :
Geografiske: Stord, utflytta stordabuara, Trondheim, oss frå Sagvåg
Organisasjon/Skule: Studentradion i Trondheim, HiST, Lemminkainen socius fotballklubb, Litlabø skule, gamle medlem av Sagvåg skulekorps
Standpunkt/følelsar/tull: For de som synes Tir na Noir IKKE egnes som allsang, Spacebook, Support the liberation of the llama nation, alle som elsker Chuck Norris vitser, Jeg har spilt i korps og er ikke flau etc etc..
Sistnevnte kategori er definitivt størst. Grupper som “jeg tok lappen på første forsøk” ,”osloveien 20 til 22″ , “oss som liker gule skjorter med røde striper og ikkje kvite flekkar” viser kanskje at gruppene har utspelt si rolle.
Men som alle andre har også eg laga nokre grupper og den første eg laga hette Spacebook. Eit slags standpunktgruppe for dei som vil ha myspace og facebook samanslåing.
Yeah right..
Tingen er vel at denne gruppa blei laga meir eller mindre i berusa tilstand på fest , kvifor eg er på facebook på fest,, hmm. Uklart. Men tingen var at når eg sendte ut invitasjoner til alle på “friends”-lista mi fekk eg 10 medlemmar i løp av 5 minutter. Dette tyder altså på at facebook verkeleg tar opp tida til folk. Så mykje at dei sitt heime (mest sannsynleg) og sturer foran pcen. Heimekveld, greit nok, men foran facebook? nei då tar eg heller til takke med TvNorges lørdagsfilm.
Eller?
Til slutt må me nesten ha eit Bushbilde, da er altfor lenge sidan sist.
-redakFjes-
Arkivert under: berre tull
Som sikkert omtrent alle i den vide verden har forstått, så er facebook den nye greia. Eg for min del hoppa på bølga med ein gong den kom, då eg allikavel var plent nødt til det visst eg ville sjå alle dei fantastiske bilda andre har tatt av meg. Så go with tha flow folkens. Heng dåke på bildedelingsserveren og bli med på facebook. Er forresten veldig morsomt å sjå at alle har lyst å ha mest mulig venner innad i facebook. Jo fleire “friends” jo tøffare er du. Så derfor legger eg sjølvsagt ut ein link her slik at alle dåke kan bli med i www.facebook.com og legga meg til som venn slik at eg blir kjempetøff!
emailadressa mi er bergsvag[a]gmail.com .
-redakBjarte-
Arkivert under: berre tull
melodi: bamses fødselsdag 1 vers. 
“det skulle være fest for bamsefar i liiia”
Det siste ordet stemmer liksom ikkje. Tygg på den i vintermørket. (wikipedia og google strengt ulovlig)
-redakBjarte-
Arkivert under: berre tull
Lyst å høyra denna tullingen på radio? Gå innpå www.studentradion.no kvar torsdag klokka 8 og trykk på “Lytt” til høgre. Pomade heiter showet og Bjarte er verten. Så skru på etaren , eller endo betre: Flytt til Trondheim og bli med i radion så kan me laga eit program i lag.
Nokon som har eit programforslag? (“God morgen Finland”, og “Uillustrert Vitenskap” er allerede tatt)
-redakBjarte-
Arkivert under: bestemorra di
…Synd dei ikkje tar i mot gamle travera som meg.
Dei siste vekene har vore utruleg travle, derfor lite blogging. Har endeleg begynt på forkurs ingeniør, og slite meg i hjel med matte og fysikk kvar dag. Må faktisk stå opp til fornuftige tider og må faktisk gjer fornuftige ting.
Ellers kan eg rapportera at eg har blitt fast programledar i kvardagsmagasinet Pomade på studentradion. Så no styre eg showet sjøl. Så visst det er nokon som har nokre ekstreme ytringar rundt Eli Hagen, skjegget til Kongen (det at han ikkje har skjegg er jo oppe til diskusjon, eller dumme utsagn om innvandrarar.. Ja, så er det berre å ta kontakt.
Men no må eg springa, kvantefysikken ventar…
e=mc2
*host host*
-RedakNerd-
Arkivert under: Ikkje kategorisert

..og der fòr me heim til vestlandet.
-redakJUL-
Arkivert under: berre tull
EG ER FERDIG MED EKSAMEN!!! JAAA!!!! (av med capslocken)
For ein fantastisk bra følelse. Ferdig med 4 eksamena. Dei 2 siste vekene har gått vekk i lesing , kaffi, lesing, nista, lesing og ikkje minst x-antall ting ein kan gjer istaden for å lesa.
Tenkte eg sku lista opp ting som er kjekkare å gjer når ein egentlig skal lesa når ein sitte i lesesalen:
- Sjå på andre som lese
- Eta nista
- Pitla på skallet frå mandarinen du nettopp åt.
- Sjå på andre som late som dei lese
- Tenka på at du burde lesa nett som dei som ikkje late som dei lese
- Sjå på andre som ikkje lese, som ser på dei andre som late som dei lese
- Har du pc med: gå på MSN, surfa på interett og lesa sladdernytt på seher.no og side2.no (herregud, da er virkelig for gale) Skifta alle fargane på windowsen. Gjer alle snarvegane på startmenyen om til nynorsk.
- Ta av seg skorna, finna ut at da lukte drit, ta dei på igjen.
- Sjekka mailen og msn for N’te gong
og slik går no dagan..
MEN IKKJE NO LENGER ..mohahaha.. håpe berre eg står.
-redakCAPSLOCK-
Arkivert under: bestemorra di
Etter ein vellykka fest på fredag, var det på tide med kino på lørdagen.
Casino Royale , den nye James Bond filmen gjekk på Prinsen kino i Trondheim. Åslaug og Bjarte var kjempe spente. Som nokre dedikerte James Bond fan me er, sikra me oss billett tidlig (riktignok ikkje til premieren på fredag men) og satt spent å venta på at kinoreklamen skulle bli ferdig. Etter ein drøss med lokalreklamefilma i rosa og pastell med snurre bokstava var det endeleg film.
Plottet går utpå at Bond skal stoppe ein korrupt bankmann i å vinne penger i poker på Casino Royale, for å deretter bruke pengane til terrorisme. Daniel Craig som speler James Bond gjer ein fenomenal jobb og tross det blonde håret overbevisar iallefall meg om at han er den nye Bond. Han har alt James skal ha; utsjanaden, kroppsbygginga og ikkje minst den slibrige britiske aksenten. Craig spelar mot ein kjent dansk(!) skodespelar ved namn Mads Mikkelsen som er den korrupte bankmannen. 
For å ikkje røpe alt for mykje av filmen kan eg kort sei at at min første reaksjon var heller skuffande. Imotsetning til dei alle fleste anmeldingane eg har lese, så er eg altså ein av dei som blei skuffa over filmen. Dette har me korleis alle James Bond har blitt laga før, og som ikkje den filmen følgte opp i det heile. Alle James Bond filmar skal:
- Ha minst ein feit bil som har mange forskjellige duppeditta på seg.(Maskingæver i grillen, katapultsete, fjernstyrt via mob etc)
- Bond skal også vær utstyrt med noko offensivt type klokke med laserfunksjon, innebygd pilskytevåpen under armen, bombe i klokka etc.
- Q, m16 (arbeidsplassen til Bond) sin gale oppfinner skal ikkje minst være med og vise Bond alle dei overnevnte tinga, og då spesielt filmens bil.
- Money Penny, M (sjefen til Bond) sin sækreter som flørte hensynslaust med Bond, utan at han får napp.
Ingen av desse tinga var representert i Casino Royale, bortsett frå ein liten kjøretur med ein relativt kul bil.
Det at Q ikkje var med skuffa aller mest. Holdt på å grine når eg gjekk ut av kinosalen. Det er jo det som er James Bond. Alle dei forskjellige duppedittane og ein stilig bil som blir skikkelig introdusert av Q. Q er liksom prikken over i’en, essensen i heile pakka! Eg kan ikkje skjønne at folk syns at dette var den beste James Bond filmen nokon gong. Då har dei anten ikkje sett meir enn ein Bond film, eller så har dei aldri likt James Bond.
MEN:
Har sjekka opp i bakgrunnen for problemet. Casino Royale er basert på ei bok av Ian Flemming (opphavsmannen til James Bond). Denne boka var ein av dei første bøkene som blei laga om James Bond. Her er verken Q eller Money Penny med. Q var faktisk ikkje med på dei 2 første filmane heller, det var berre det at eg ikkje hugsa det. Så det var altså ein kronologisk forklaring på problemet.
Major Boothroyd som Q (for tida spelt av John Cleese)
Håpar på snarleg gjensyn!
-redakBond-
Arkivert under: berre tull
Eg har hørt av fleire at blogging no er litt ut. At da er litt sånn 2005 ting å gjer. “So last year lizzom”.. Men dette vil eg ikkje ha noko av. I desse mørke novemberdagar med regn, sludd og kulde er det viktig med eit lys i kvardagen, og då nettopp i form av ein blogg. Og tenk litt på kva desse ferdiglaga bloggane har gjort med Internett sitt ytre.
<–typisk ting å pynte opp heimesida si med i 1997.
I “gamle” dagar, altså sånn rundt 1997-98, når folk flest hadde fått seg om ikkje ISDN, så iallefall eit modem, var Internett stort sett prega av nyhetssider, bedriftssider, og pornosider. MEN… Ein hadde også noko ein kalla ei heimeside. Ein brukar utrykket endo, men no tenker eg først og fremst på heimesidene til privatpersonar. På desse heimesidene var det ofte ein meny til venstre eller på toppen av sida. Menyen som ofte var animert i rosa besto av vala: “Heim”, “Om meg”, “Lenkjer”, og sist men ikkje minst “Gjestebok”. Dei med spesielle dataevner kunne også ha eit “Forum”. Sidas utsjånad var som regel ein bakgrunn i ein eller anna sterk farge, rød,grøn, gul og visst ein var heldig: Blå. Skriftfargen kunne variere men stort sett var det ein farge som ikkje passa i det heile. Rosa og grøne animasjonar med bilde av tegneseriefigur, ei stjerne, eller aller best: eit bilde henta frå utklippstavla frå Word var vanleg å finne. Har prøvd å finne nokon eksempel på Internetts dystre fortid men det skulle vise seg å vær svært vanskeleg.
Har uansett eit par meir eller mindre gobitar her:
og sjølvsagt vår kjære musikklag si forferdelige side med satans verk WordArt:
Sånn folkens, no håpe eg dåke sette pris på bloggane som ligg rundt om kring på veven. Greit nok, innhaldet i dei har sikkert ikkje forandra seg så mykje iløp av året. Men dei er iallefall ikkje så grønjevli stygge!
-redakBjarte-
Arkivert under: berre tull
Eg er i julestemning!

Utrulig slitande i grunn. Men da har sine grunna. Ikkje berre snør da som pokker her i Trondheim, men da er allerede komt juleartiklar i butikkane for lenge si. Som noken kanskje allerede har fått på MMS har eg ett bilde på mobilen tatt på rema 1000 for ein måned sidan. Bilde viser ein bunke med pepperkakeboksar rett ved siden av ei palle med grillkol. Grilla pepperkake anyone….I SEPTEMBER?
Noken andre som har julestemning eller har gått i butikken å fått da ettepå?
-redakBjarte-
Arkivert under: Ikkje kategorisert
Sitte på biblioteket og prøve å skriva på ei oppgåve. Men som med så mangt i livet, er det mykje kjekkare å skrive blogg. I dei siste dagane (forutan 50årsdagen til papen) har eg venta. Venta og venta. Venta på bedre tider kan ein egentlig sei.
For å forklare litt nærmare kva eg ventar på kan eg starte frå begynnelsen.
Eg og Åslaug skulle senda flyttelasset vårt via posten. Flyttelasset besto av 8 store esker som kvar vegde mellom 15 og 35kg. Dette blei sjølvsagt dyrt. Posten ville ha 1600kroner totalt for at heile driten skulle gå frå Stord til Trondheim. Me kalkulerte litt, og fann ut at ein kjøre opp og ned igjen med ein bil for omtrent samme prisen. Med andre ord: me valgte å sende det. (veldig logisk dette her) Men så kom mor kjære mor på ein idè. Istaden for å sende ein og ein pakke med posten, så kunne me berre for samme pris pakke alt på ei palle, surre rundt med plastfolie(nei ikkje sånn liten rull som du har på kjøkkenet) og sende det med DHL som bedriftspakke via Hovland Elektro (bedriften som mamma jobbe i). Uansett.. For å gjer ein lang i historie med telefonklaging og venting kort: Pallelasten vart sist sett i Oslo.
Eller i haugesund..
kven veit?
Har blitt forklart at slike paller forsvinn heile tida og at dei som regel dukkar opp. Er visst vanleg det. Men visst det er så vanleg, kvifor har dei ikkje laga betre rutiner på det? For eksempel: Med ein gong ein pakke, unnskyld PALLE forsvinn, blir det klistra opp lappar overalt i Norge. Desse lappane skal være litt i den stilen som når kattungar eller hundar forsvinn der det står SAVNET med store bokstavar og så bilde av ei søt lita palle med esker på og fin håndskrift som det står ”har du sett meg?”, “Elska og savna” osb.
Ser for meg avisoverskrifter dersom ei palle forsvinn. “Var ikkje berre ei vanleg palle” og “ei palle laga av kjærleik og spiker”. Dette hadde verkeleg satt fart i palleforsvinningssakene her i landet. Burde kanskje danna ein støttegruppe også. APS, Anonyme Palle Savnara.
Ellers så har eg gjort ein stort inntog i studentradion i Trondheim. Forutan at eg les nyheter kvar tirsdag kveld og lagar ein meir eller mindre god reportasje kvar onsdag, har eg fått meg fast plass i studio kvar tirsdag klokka 20:00 i ein heil time. Programmet heiter Pomade, og er eit slags aktualitetsprogram som snakkar om laust og fast. Reknar med å bruke den gamle bloggen som inspirasjon til mange unyttige og uviktige tema. Eit eksempel på kva ein kan snakke om i eit slikt program kan være : visste du at dersom du tastar inn dagbaldet.no i adressefeltet, komme du inn på dagbladet si nettside. Er dette fordi det er så mange dyslektikere som skriv inn feil. Greit nok det, men dagbaldet.com virkar ikkje så kva med utanlandske dyslektikere? osv osv.
Utanom radion kan dagane til nettstudentet Bjarte forklarast slik:
08:00 Vekkerklokka ringe, Bjarte prøve å stå opp
08:15 Bjarte søv
08:30 Bjarte for dårlig samvittighet for at han framleis ligg å drar seg
08:31 Bjarte søv
09:00 Bjarte står endeleg opp, og har så dårlig samvittighet for latskapen at han like greit skrur på tven.
09:05 Bjarte reiser seg for å setta på tevatn
09:10 Vatnet kokar over, etter at Bjarte sovna i sofaen.
09:30 Teen er drukke opp, frokost inntatt.
10:00 Bjarte vurderer å gå på biblioteket for å skrive oppgåve.
10:01 Mc Gyver går i reprise på Tv2
11:00 Bjarte går til biblioteket.
og slik går no dagan….
Trur eg trenge ein lærar med pisk for å få meg opp om morgonen.
Kva har folk bedreve helga med? Eg var nesten på hybelfest på samfundet, men rakk det akkurat ikkje (ikkje spør)
Arkivert under: berre tull

Ja, no har eg endeleg byrja. Eller rettare sagt. Det har eg gjort sidan 1 september. Men no har eg verkeleg byrja.
Går på nettstudie i Geografi, i STEINKJER på Høgskolen i Nord-Trøndelag (HiNT).. Men er sjølv bosatt i Trondheim, ta det med ro. Eg vel heller reservetrønderbyen framfor bartelandcity, sjølv om bart og karsk kan vær ein god (dog grisete) kombinasjon.
Trur reklamen for studie var noko slikt som dette:
Nettstudie i geografi, – For deg som vil noko meir med verda.
Nettstudie i geografi – Meir enn berre topografi og tematiske kart.. (??)
HiNT - Trives + lykkes = HiNT
Eg må berre hedra dei for å ikkje ha bruka ordspel som :
- Ler folk av deg fordi du er stein dum? ta eit HiNT(år)
- Slit du med å dele eit eple i 2, ikkje fordi du ikkje fysisk klarar det , men fordi du ikkje klarar reknestykket? Ta eit HinT(studie)
osb osb.
Sit på studentradion no, (ja den heiter det, utan ‘e’) og skal prøve å lage ein repotasje om sjukefraværet i Norge. Korleis det stig i forhold til kor mange som har jobb. Vil ikkje kommentere kva eg syns om interesseverdien for min egen del er i den saka, men deadline er deadline. For at dåke kjære medbloggara ikkje skal dø av inntørking grunna tørre repotasjefakta går eg vidare.
Eg har som sagt ein forkjærlighet for George W. Bush, republikanaren , den 43 president, den allmektige. Her er eit par sitat:
“I’m the master of low expectations”
“I think the American people — I hope the American — I don’t think, let me — I hope the American people trust me ”
“I promise you I will listen to what has been said here, even though I wasn’t here.”
“I don’t know where bin Laden is. I have no idea and really don’t care. It’s not that important. It’s not our priority.”

-redakBjarte-













